tilsette 

Gasta er ni tilsette. Vi er ein hyggeleg gjeng utviklarar, designarar, marknadsførarar og journalistar - klare til å hjelpe våre kundar. Les meir og finn kontaktinfo under.

Usikker på kven du vil snakke med? Ring 57 62 77 70.

Astri Knudsen

Dagleg leiar, digital rådgivar
astri@gasta.no | +47 984 08 619 | LinkedIn

Meir om Astri.
Astri tok over som dagleg leiar i Gasta i 2023, men har vore tett knytt til selskapet sidan 2015. Først med sitt eige selskap, Drople, som i 2020 slo seg saman med Gasta. Som digital rådgivar brenn ho særleg for historieforteljing og å spisse bodskapar slik at dei treff målgruppa. Som tidlegare journalist har ho god erfaring med å forme godt og strategisk innhald, noko som er heilt avgjerande for å nå fram i ei digital verd der merksemda er knapp. Som ekte bergensar er ho glad i å prate, og ho har alltid tid til ein god diskusjon, anten det handlar om strategi, kommunikasjon eller nye idear.

Vidar Bondevik

Rådgivar, byråeigar
vidar@gasta.no | +47 482 36 323 | LinkedIn

Meir om Vidar.
Vidar har drive Gasta sidan 1997 og har opparbeidd ein solid kundeportefølje. Han er prosjektleiar og rådgivar på merkevare-, grafisk profil- og webprosjekt - og kan litt om mykje. Som tidlegare marknadssjef i Lerum, planning manager i Xerox og salskonsulent i Office Line/SuperOffice, har han vorte fanatisk oppteken av å tenke strategi, forretningsmål og KPI'ar. Bra for Gasta sine kundar! Og så er han lidenskapleg oppteken av Sogndal fotball og sitt kjære Tottenham.

Simon Falkauskas

Webdesignar, senior front-end utviklar
simon@gasta.no | +47 465 60 864 | LinkedIn

Meir om Simon.
Simon er vel ein Squarespace-freak og er ein av dei mest erfarne på Squarespace i Europa, utan tvil. Simon er utdanna programmerar i Litauen og har mange års erfaring som webdesignar/user interface-programmerar i større webselskap i Vilnius. Han er utruleg effektiv og lagar elegante løysingar. Som einaste utlending i Gasta er han godt likt blant dei kundane som ikkje skjønner stort av sognamaol – dei føretrekk Simon sin kortfatta og stort sett velformulerte norsk.

Hilde Nes

Meir om Hilde.
Hilde har lang fartstid i Gasta og kan skilte med god erfaring med grafisk profil-prosjekt, i tillegg til emballasjedesign. Ho har designutdanning frå Kreativ Fagskole og eit særdeles godt auge for stilrein og kreativ design. Trass i at praten ofte går i eitt, er ho skremmande effektiv og alltid målretta. Det er ikkje mange kundar som ikkje kjem tilbake til Hilde. Ho tek òg gjerne på seg webdesign-oppdrag eller messemateriell, skilting og brosjyrar.

Frode Ylvisåker Berge

Webdesignar, senior front-end utviklar
frode@gasta.no | +47 979 80 790 | LinkedIn

Meir om Frode ...
Frode er inne i sin andre periode i Gasta, etter å ha jobba her i 11 år og vore sentral i utviklinga av selskapet. Han jobba fire år i KLP i Oslo som frontend-utviklar, før han lengta heim til Sogndal. Frode er utdanna ingeniør, men har lang erfaring med webdesign og utvikling. Han er svært oppteken av brukaroppleving og enkle, effektive webløysingar. Treng du ein ekstra finish, fiksar Frode det. Og skulle du høyre ein useriøs kommentar på Gasta-kontoret, kjem han garantert frå Frode ...
Person som sitter i en rød stol, iført lys jakke og hvit t-skjorte, smiler. Bakgrunn med glass og grafisk veggdekor.

Ingvild Helle Hagen

Digital marknadsførar
ingvild@gasta.no | +47 928 81 906 | LinkedIn

Meir om Ingvild ...
Ingvild (også bergensar) kom til oss etter tre år i Kristiansand, der ho jobba i eit kommunikasjonsbyrå og tok ein master i samfunnskommunikasjon. Ho har i tillegg ein bachelor i medievitenskap og har jobba mykje med å marknadsføre både store og små bedrifter. Ingvild omtaler seg sjølv som ein kommunikasjonsnerd som alltid passar på at man har fokus på målgruppa. Eit ja-menneske med høg arbeidskapasitet som likar å ha mange ballar i lufta.

Marianne Pham

Meir om Marianne ...
Marianne har lang erfaring innan netthandel og digital marknadsføring, og har òg vore innom tech-bransjen. Ho har jobba tett med både små og store verksemder, og veit korleis strategi, innhald og kundereiser må spelast saman for å skape resultat. Som eigar av si eiga netthandelsverksemd kjenner ho godt til kvardagen bak kulissane – frå planlegging til gjennomføring. Når ho ikkje jobbar med kampanjar og nettløysingar, finn du ho gjerne på splitboard i Sogndalsfjella eller med strikketøy og kaffikopp i hendene.
Kvinne med stripete skjorte holder en bærbar datamaskin og smiler foran en kontorinnredning.

Ragnhild Myklemyr

Digital rådgivar, innhaldsprodusent
ragnhild@gasta.no | +47 918 80 735 | LinkedIn

Meir om Ragnhild ...
Ragnhild er utdanna journalist, med erfaring frå både NRK Vestland og Sogn Avis. Dei siste åra har ho jobba med ei strategisk tilnærming til faget, som kommunikasjonsrådgjevar opp mot prosjekt, kampanjar og interne kanalar i Skatteetaten. Som innhaldsprodusent i Gasta får ho bodskapet ditt effektivt og målretta ut i digitale kanalar. Etter jobb finn du gjerne småbarnsmora til fjells eller skogs, med lommane fulle av blåbær og småstein.

Emilie Brynjulfsen

Meir om Emilie ...
Emilie er ein nøttlending som har flytta til Lærdal. Ho jobbar som digital rådgivar, og er oppteken av at marknadsføring alltid må sjåast i samanheng med både sals- og forretningsmål. Med erfaring får både byråverda og forlagsbransjen, og ein bachelor i marknadsføring og salsleiing, er ho klar til å rådgje alle typar kundar. Nøttlendingen (frå Nøtterøy) finn du ofte på tur i skog og mark saman med fuglehunden sin – ein livsstil som gir henne både energi og inspirasjon i kvardagen.