Squarespace og Vipps?
Mange spør oss om integrasjon mellom Vipps og Squarespace. Her finn du svar på ofte stilte spørsmål knytt til dette.
Støtter Squarespace betaling via Vipps?
Det enkle svaret er nei. Squarespace si løysing for nettbutikk har ikkje betaling via Vipps som standard.
Fram til september 2025 var dette litt utfordrande, men no har Squarespace (omsider) fått støtte for Klarna, Apple Pay, Google Pay - og ikkje minst Stripe Link. Dermed oppnår du mykje av den same, enkle og raske måten å betale varene på.
Kva er Stripe Link?
Stripe Link er ein funksjon i Stripe som gjer betalinga raskare og enklare for kundane dine. Når ein kunde har brukt Link før, blir kortinformasjonen lagra trygt hos Stripe – slik at neste kjøp kan gjerast med eitt klikk. Dermed slepp kundane å skrive inn kortinfo kvar gong, og betaling går raskare → færre som avbryt kjøpet. Stripe Link fungerer automatisk for alle som har aktivert Stripe i Squarespace
Klarna gjer det enkelt og trygt å handle på nett
Frå hausten 2025 får du også Klarna som betalingsløysing i Squarespace nettbutikk. Kundane kan her velje mellom fleire betalingsmåtar – til dømes å betale med ein gong, om 30 dagar, eller dele opp kjøpet. For alle som har ein Klarna-profil (og det er mange!), så går checkout minst like enkelt - og raskare enn Vipps. Det er gjort på nokre få klikk. Og så er Klarna trygt ved at Klarna tek seg av betalinga, så kundane ikkje deler kortinfo direkte med butikken.
Kva er Squarespace Payments?
Squarespace lanserte i 2023 ei eiga betalingsløysinga kalla Squarespace Payments. Her er det støtte for alle standard kredittkort i tillegg til ApplePay, AfterPay og Klarna. Squarespace har annonsert at dei vil komme med støtte for fleire betalingsmetodar i nær framtid. Squarespace Payments er tilgjengeleg i USA, Canada, UK, Finland (sept 2025). Vi har p.t. ingen informasjon om når Payments blir lansert i Norge.
Kjem det støtte for Vipps i framtida?
Sjølv om det ikkje lenger er så “kritisk” å ha Vipps, er det er mange norske kundar som ønskjer seg dette, så vi krysser fingrane! Men dersom det kjem støtte for Vipps, vil det vere via Squarespace Payments. Selskapet har ambisiøse planar med Payments, og vi vil sjølvsagt oppdatere kundane våre den dagen Vipps blir tilgjengeleg.
Make it stand out
Whatever it is, the way you tell your story online can make all the difference.
NYTT! Link by Stripe - gjer betaling enklare og raskare, litt som Vipps
I Squarespace sin nettbutikk får du Stripe som betalingsløysing. Denne dekker alle standard kredittkort. No er det blitt raskare å betale med kredittkort! Legg inn kortinformasjon i Link - hent den fram med eit klikk på alle nettbutikkar som støttar Link. Like raskt som Vipps!
Registrer inn kredittkorta dine på Link: Simple, secure one-click payments.