Korleis fungerer AI‑søk?

SEO

Veksten i chatbotar og AI-søk gjer at folk navigerer annleis på nettet enn før. Dette påverkar kor synleg nettsida di er og kva du må gjere for å trekke til deg besøk. Her gir vi deg ein innføring i korleis AI-søk fungerer.

Det å forstå korleis AI-søk fungerer, i tillegg til å kunne tradisjonell SEO, vil absolutt gi deg og nettsida di eit konkurransefortrinn. Med utgangspunkt i denne artikkelen frå Squarespace viser vi deg korleis AI-SEO fungerer, og kva du kan gjere for å optimalisere for det.

Først; Kva er AI-SEO eller AIO?

AI-SEO viser til taktikkar du kan bruke for å optimalisere nettsida di slik at ho blir forstått og vist i søkeresultat eller som kjelder på plattformer som Google, ChatGPT, Gemini og Perplexity. Der målet med tradisjonell SEO er å rangere høgare i søkjemotorane, handlar AI-optimalisering (AIO) om å gjere nettstaden din synleg i AI-svar eller AI-overblikk.

Sidan dette feltet stadig er i utvikling, kan du møte på andre forkortingar som GEO (generative engine optimization), AEO (answer engine optimization) og LLMO (large language model optimization), i tillegg til AIO.

AIO og SEO byggjer begge på faktorar som truverde og nytteverdi for å løfta fram innhald, men måten desse signala blir henta inn på kan variere. AI-genererte søkeresultat kan dessutan variere meir frå søk til søk enn det tradisjonelle søkjerangeringar gjer.

Korleis fungerer AI‑søk?

AI, på same måte som søkemotorar, «crawler» gjennom nettsider på internett for å forstå innhaldet og finne ut kva tema det er relevant for. I staden for å matche resultat med eit nøkkelord, slik tradisjonelle søk gjer, prøver AI å gi eit tilpassa og nyansert svar basert på det unike spørsmålet ditt, og tek omsyn til intensjon og samanheng.

Svar varierer frå plattform til plattform, og søkmotsetnminger du det same fleire gonger, får du ofte ulike resultat. Det gir fleire moglegheiter for at nettstaden din kan dukke opp, men også fleire potensielle søk å optimalisere for.

Les også: Slik gjer du nettsida di klar for AI-søk

Ulike typar AI-søkeresultat

Korleis nettsider blir vist i AI-søk, kjem an på kva plattform du brukar og kva type søk du gjer. Her er ei forenkla oversikt over korleis nettstida di kan dukke opp i AI-svar:

  • Direkte svar: Dette er til dømes det du får i Google sine AI Overviews, der AI gjev eit samandrag basert på fleire kjelder, og viser til nettsider som kjelder.

  • Utvalde kjelder: Nettsider som AI-verktøy siterer eksplisitt og løftar fram tydeleg i svaret eller søkeresultata.

  • Samtalebaserte tilrådingar: Personleg tilpassa tilrådingar gitt via AI-chatbotar, til dømes anbefalte verksemder eller produkt.

AI-synlegheit vs. trafikk

Før du går i gang med å tilpasse nettsida di for AIO, bør du sette tydelege og målbare mål. For AIO vil det ofte handle om synlegheit eller nettsidetrafikk. Synlegheit kan bidra til å byggje kjennskap til merkevara di, medan trafikk oftare fører til konkrete resultat, som nye kundar eller følgjarar. Ved å setje mål for begge delar, kan du lettare velje kva strategiar du bør satse på.

Men sørg for at måla dine er realistiske. I motsetning til tradisjonell SEO, kan AI-søk gjere nettsida di mykje meir synleg utan nødvendigvis å generere meir trafikk. Sidan brukarane får svara sine direkte frå eit samandrag eller ein chatbot, vil dei ofte ikkje kjenne behov for å klikke seg vidare til sjølve nettsida. Difor kan det vere lurt å sette eit meir nøkternt trafikkmål, eller definere eit utgangspunkt du kan samanlikne med før du startar AIO-arbeidet.


Vil du vite meir om AIO eller Sqaurespace? Ta gjerne kontakt med meg: astri@gasta.no

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Lansering for to nye Gasta-kunder

Neste
Neste

God sommar til alle fantastiske kundar